Ti små hender skyt i vêret når elevane vert spurte om kven som har lyst til å svare på spørsmål frå dei norske gjestane. Spørsmål om korleis og kva elevane les, og kva dei synest om å lese digitalt i staden for å ha ei papirbok i hendene. At elevane i denne klassen er vande med å snakke om lesing er det liten tvil om.
I samband med pilotprosjektet BookBites Skole i Tønsberg er vi* på besøk hos ei fjerdeklasse på Alminde-Viuf Fællesskole i Danmark. Her ønskjer vi å sjå og lære meir om korleis leseappen BookBites brukast i klasserommet. Før leseappen lanserast i heile Noreg, vil vi nemleg gjerne få vite meir om danske lærarar og elevar sine erfaringar. Lærar og leserettleiar Rikke Bøg, som er lærar i den klassa vi no besøker, har brukt BookBites i klassene sine sidan appen vart lansert i Danmark i 2015. Lesing i BookBites har vorte ein heilt naturleg del av undervisninga hennar. Ho opplever appen som eit godt verktøy for å skape leselyst og motivasjon, og han gjer det lettare for henne å ta i bruk litteratur spontant:
«Hos oss fungerer e-bøker som eit godt supplement til papirbøkene. Dei digitale bøkene tiltalar ofte andre barn og gir dei lyst til å lese. Tilgjengelegheita er også avgjerande. Vi kan nesten alltid finne bøkene vi leitar etter», seier ho.
Papirbøker og e-bøker supplerer kvarandre
Som leserettleiar har Rikke for tida også ansvaret for skulebiblioteket. For henne er det ingen motsetnad mellom det å lese i ei papirbok og det å lese på ei digital eining. Tvert imot kan kombinasjonen føre til meir lesing. Utvalet av papirbøker på skulebiblioteket vil faktisk bli større for dei som liker best å lese på papir når fleire les digitalt, påpeikar Rikke.
Rikke forsøkjer å få til eit godt samspel mellom skulebiblioteket og BookBites. Elevane kan for eksempel verte inspirerte av bøker dei ser i appen, for så å finne den fysiske utgåva av boka på biblioteket. Så kan dei skanne papirboka i appen, slik at minutta dei les i ei fysisk bok også vert med i lesestatistikken deira. Om det er tomt for dei mest populære bøkene på skulebiblioteket, kan elevane i staden finne dei i appen. Da slipp dei å stå i kø for å få boka dei så gjerne vil lese no:
«I BookBites er det mykje lettare å finne nye bøker å lese, og ein får tak i dei kjapt», påpeikar ein av elevane.
Klasseromssamtalar om litteratur, lesemotivasjon- og inspirasjon
Når vi spør elevane om kvifor det er lettare å finne nye bøker å lese no, seier fleire at dei brukar klasseoversynet i appen. Her kan dei sjå kva bøker som for tida vert lese i klassen og verte inspirerte til ny lesing. Dei sjekkar også gjerne si eiga lesehistorikk for å sjå kva dei har lese tidlegare. Fleire av elevane fortel at dei gjerne les bøker om att. Dessutan er dei veldig nøgde med at ein kan leggje til bøker ein kjem over i hugselista i appen. Da er det fort gjort å finne ei ny bok å lese seinare.
Elevane seier også at dei ofte vel bøker ut frå forsidene på bøkene i biblioteket i appen. Viss dei finn ei bok som ser interessant ut, les dei gjerne dei fyrste sidene. Det er mange bøker å velje mellom, så stort sett finn dei alltid ei bok som passar til interessene deira. I tillegg vel dei gjerne bøker ut frå kor lang boka er. Da er det kjekt at dei i appen kan sjå kor lang tid det vil ta for akkurat dei å lese ei bestemd bok.
Rikke brukar BookBites aktivt for å stimulere til samtalar om bøker i klasserommet. Ho tar gjerne fram biblioteket i appen på storskjerm. Her dannar forsidene på bøkene utgangspunktet for refleksjonar rundt klassa si lesing. Elevane fortel kva slags bøker dei har lese, kva dei likar å lese – og dei anbefaler bøker for kvarandre.
Fleire av elevane seier dessutan at dei vert motiverte til å lese meir når dei ser kor mange minutt dei andre i klassen har lese. Det er morosamt å få stjerner for tal på lesne minutt, sjå kven som ligg øvst på leselista og prøve å slå dei. «Eg likar å sjå namnet mitt på toppen av lista», er det ein som seier. For å få til dette, les han gjerne nokre ekstra minutt. Funksjonen som gjer det mogleg å sjå kor mange minutt det er att å lese før neste kapittel, bidreg også til at fleire les ferdig kapittelet dei har starta på før dei gir seg med lesinga for dagen. Og så er det lett å finne att staden ein slutta å lese, fordi appen hugsar det for ein.
Ein intuitiv, tidsbesparande app med smarte leseverktøy
Rikke såg heilt frå start at det å kunne lese bøker digitalt gir mange moglegheiter. BookBites opplevast som ein intuitiv app som er lett å bruke for både lærar og elev. Elevane finn raskt ut av nye funksjonar og forstår korleis appen kan brukast:
«Barna er vakse opp i ei digital verd, så for dei er det heilt naturleg å lese ei e-bok. Det er vi vaksne som må venne oss til dette», seier ho.
Som leserettleiar lærer Rikke gjerne opp andre lærarar på skulen i bruk av appen og nye funksjonar som kjem til.
Ein del av arbeidet hennar består dessutan i å følgje opp elevar med lesevanskar og dysleksi. Mange av desse elevane profiterer på det å lese digitalt i BookBites. Funksjonar som linjefokus, det å kunne forstørre skrifta og få ord lesne opp, samt ein eigen font for lesarar med dysleksi, gjer at ho ofte brukar appen saman med desse elevane.
Leseprogresjon og samarbeid om eleven si lesing
Rikke synest BookBites er eit godt verktøy for å følgje opp og støtte opp under lesinga til elevane. Statistikken ho finn under funksjonen Elevoversyn i appen, kan brukast til så mangt. Statistikken gir blant anna eit god oversikt over elevane si lesehastigheit og lesehistorikk. Dermed vert det enklare å veilede elevane i bokvalet deira. Det er lett å gi elevane tilpassa lesemål, som for eksempel å auke lesehastigheita eller lese fleire minutt enn vanleg i løpet av ein periode. Ho brukar også appen når ho arrangerer lesekonkurransar i klassa. Spesielt gutane i klassa vert motiverte av å forsøkje å toppe lista over tal på lesne minutt i klassa.
Det enkle oversynet over lesinga til elevane brukar Rikke ofte for å snakke om elevane si lesing i utviklingssamtalar med føresette. Det er dessutan ein fordel at føresette lett kan følgje med på barnet si lesing og følgje opp lesinga heime. Rikke oppfordrar også elevane til å bruke statistikken for å reflektere over eiga lesing. Dermed dannar statistikken eit godt utgangspunkt for eit tett samarbeid om eleven si lesing.
Skulebibliotek + leseapp = stort utval av bøker
Det er ingen tvil om at det i Rikke sitt klasserom snakkast mykje om bøker og lesing. Fjerdeklassingane vi møtte, kunne i imponerande stor grad reflektere høgt over lesinga si. Det at Rikke aktivt brukar biblioteket i appen for å setje i gang klasseromssamtalar om bøker og lagar ei kopling mellom skulebiblioteket og e-bøkene, har tydelegvis ein god effekt.
Det var både morosamt og lærerikt å sjå korleis Rikke jobbar med lesing i klasserommet sitt. Ut frå samtalane med henne rundt korleis ho brukar BookBites på skulen, skjøner vi at det er viktig med engasjerte lærarar for at nye appar vert brukt i klasserommet. Vi ser likevel at det godt kan vere ein annan person på skulen som gir opplæring i og følgjer opp lesinga i appen. Dette kan for eksempel vere ein skulebibliotekar. Dessutan meiner Rikke at det kan vere ein idé at enkelte elevar vert superbrukarar i appen. Dei vil da kunne lære opp andre elevar i korleis dei kan bruke appen.
Som i alle klasser måtte også fleire i Rikke si klasse innrømme at dei ikkje er lesehestar – og at lesing kan kjennast som ei plikt. Likevel hadde dei eit bevisst forhold til lesinga si, og det var enkelt for dei å få tak i bøker når dei fyrst måtte lese. Ein enkel tilgang på eit stort utval bøker er vesentleg for at elevar skal få lese. Fleire norske kommunar forsøkjer for tida å innføre leksefri på skulene sine. Leseleksa er kanskje den einaste leksa som vil bestå. Da er det ekstra viktig å sørgje for god tilgang på bøker og å involvere dei føresette i lesinga, noko BookBites kan hjelpe med.
* Vi er Tale Rushfelt, bibliotekar ved Tønsberg og Færder bibliotek, Kristin Lande, kommunikasjonssjef ved Biblioteksentralen, Lasse Nyhus, daglig leiar hos BookBites AS i Århus, og Agnes Solem-Aicher, markedskonsulent og fagansvarleg for BookBites Skole hos Biblioteksentralen.
PS: Du kan lese meir om dei ulike funksjonane i appen her.